Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Om Jølster Næringsforum

Om Jølster Næringsforum

Stig Tveit leia interrimstyret som førte til skiping av Jølster Næringsforum. Med seg hadde han Jostein Kjøsnes, Lene Seim, Andre Sunde og Ola Fugle. På biletet ser vi ordførar Gerd Dvergsdal dele ut blomster på skipingsmøtet.
Foto Hallstein Dvergsdal

Jølster Næringsforum vart etablert 29. januar 2010 og har ved utgangen av 2015 omlag 60 medlemmar. Næringsforumet er medeigar i Sunnfjord Næringsutvikling og har som føremål å vere eit upolitisk organ som skal arbeide for:

1. Samle alle næringsdrivande i Jølster kommune til arbeid for å utvikle og støtte opp om tiltak som kan fremje næringslivet sine interesser og næringsutvikling i området.

2. Fremje eit godt samarbeid mellom medlemmane, styresmakter og andre organisasjonar.

3. Vere uttaleinstans i saker som vedkjem næringslivet i Jølster.

 

Sjå vedtekter for Jølster Næringsforum

Personvern og informasjonskapslar

Bli medlem

Det lønner seg å bli medlem. Som medlem i Jølster Næringsforum får du vere med i Næringskatalogen der du kan presentere verksemda di saman med andre næringsdrivande i Jølster Kommune. Næringskatalogen skal brukast aktivt som ein markedsføringskanal målretta inn mot beslutningstakarar hos relevante aktørar som ønskjer å kjøpe varer og tenester i Jølster.

Bli medlem

Gjer som Jølster Rekneskapslag SA, bli medlem i dag!

Jølster Rekneskapslag SA

Footer