Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Nytt byggefirma på Skei

Nytt byggefirma på Skei

Nyetableringar på Skei er ikkje kvardagskost, men no har i alle fall eit nytt selskap etablert seg med administrasjon og lager i kommunesenteret.

-Vi var ikkje samde om vegen vidare, dermed var det like godt å gå ut, seier Trond Dvergsdal som har trekt seg ut av entreprenørselskapet Dvergsdal & Sunde As.  Frå 1. januar har han sitt eige selskap, Dvergsdal Bygg AS. med 17 tilsette.

Var med sidan starten

Trond Dvergsdal har vore medeigar i Dvergsdal og Sunde AS sidan starten i 2003, men startar no på eigne bein med kontor i etasjen over Joker-butikken på Skei. Firmaet har også lager på Skei og ifølgje Dvergsdal er det å ha administrasjon og lager på Skei vore eit nøye gjennomtenkt val.

-Eg ser det som gunstig å vere her. Det er midt i fylket med kort veg i alle retningar. Arbeidsstokken er heimehøyrande i Jølster, Sogndal, Eid og Førde og her på Skei ligg vi sentralt til når folk skal samlast. Det er også ein annan ting som spelar inn og det er husleigekostnadane som er i ein heilt annan divisjon på Skei enn det som er tilfelle i Førde, seier Dvergsdal som også tykkjer det er kjekt å kunne etablere eit nytt firma i Jølster og vere med på å fylle opp litt av det som finst av tome lokale på Skei, sa Dvergsdal til Firda tidend.

Trond Dvergsdal er på plass med nytt firma på Skei

Footer