Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Tips: Søk etter ei bedrift, ein bransje eller ein stad i Jølster kommune

Skei Servicenter AS

Skei Servicenter AS

6843 SKEI I JØLSTER, Norge

Skei Servicenter AS er ein Esso bensinstasjon som tilbyr døgnkvileplass, matservering og catering med alt frå dagens middag til burger og kebab, kiosk, hytteovernatting, møterom, bilvaskmaskin, dekkomlegging og hengarutleige. Vi har åpent frå 06.00-22.00 mandag-fredag og 08.30-22.00 lørdag og søndag (kro stenger 21.00 på lørdager)

Kroa vår har forskjellige middagrettar som hamburger, pizza, kebab og biffsnadder. Vi har også dagens middag kvar dag (heimelaga raspekake kvar torsdag). Alt av mat kan ein ta med seg om det er ønske. Vi driv og catering av til dømes rundstykker, snittar, baguettar, pizza og bakevarer til kaffien, dette kan også leverast innan ein viss avstand.
Vi har fire høgstandar hytter med 2 soverom (ei av hyttene har 4 soverom) med eget bad, kjøkken og opphaldsrom med tv. Hyttene er fult utstyrt, og vi tilbyr leige av sengsett om dette er av ønske. Hyttene er ferdig oppvarma og har internett.

Vi har to møterom til utleige. Det eine har plass til 25 personar i hestesko, det andre er lokalisert på Jølster Panorama tar 16 personar i hestesko. Begge er utstyrt med prosjektor og lerret, internett, og kaffimaskin. Vi står også for matlevering dersom dette er ynskjeleg.

Døgnkvileplassen har plass til 16 lastebilar, eiga hurtigpumpe som leverer 150 liter diesel i minuttet og adblue til 5,95. I tilknytting til anlegget er det eige dusj og toalett for sjåførar.
I tilknytting til bensinstasjonen har vi skyss stasjon med direkte forbindelse til Oslo, Bergen og Trondheim.

Skei Servicenter AS driv også campingplassen Jølster Panorama som ligg idyllisk til ved Jølstravatnet, lokalisert i den nye vei trassen til E39. Her har vi oppstillingsplass til 40 bubilar og campingvogner, samt plassar til telt og enkel overnatting i hytter. Anlegget er flunkande nytt og servicebygget inneheld toalett, dusj, kjøkken, vaskemaskin, tørketrommel, sløyerom og eige oppholdsrom.  Vi har også saniteranlegg på oversida av E39 med dusj, toalett og kjøkken.

Ola Fugle

Kontaktperson

Ola Fugle

57728234 eller 95818886

jolsterturistsenter.no

Vi er her
6843 SKEI I JØLSTER

Footer