Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Tips: Søk etter ei bedrift, ein bransje eller ein stad i Jølster kommune

Kjøsnes Feriehytter

Skei i Jølster, Norge

Heilårshytter med 24 sengeplassar.

Velkomen til Kjøsnes Feriehytter
Idyll ved Jølstravatnet.

Kjøsnes feriehytter i Jølster er eit godt alternativ for deg og din familie om du er på jakt etter ei feriehytte som base for opplevingar. Her kan du nå både Geirangerfjorden, Sognefjorden og Nærøyfjorden – alle på UNESCO si Verdsarvliste – på ei fin dagsutflukt. Hyttene ligg solvendt til ved Jølstravatnet, har eiga badestrand, båtutleige og leikeplass. I tillegg til tre hytter av god standard, tilbyr vi Gamlestova, som ligg i gardstunet på Kjøsnes.
www.kjosnes.no
Tlf: 97 01 92 86


gamlestova

Gamlestova

Fin hytte på tunet hjå eigaren. Aurefiske. Flott natur med brearmar, fjell og fosser. Sykkel- og gangvei til Skei, 2 km. Badestrand/båthavn: 400m. Nabo: 20m.

 

 

 

 


 

gronevollenGrønevollen

Flott hytte på 95m2 plassert ved strandkanten på Jølstravatnet. Gode fiskemulegheiter. Du kan nesten fiske frå terassen! 2 soverom, plass til 5 personer.

 

 

 

 


breidablikkBreidablikk

Flott utsikt til Grovebreen og over Jølstravatnet. Eigen strand med båtar og grillplass kan delast.
Solrikterrasse. Badestrand og båthavn: 30 m.

 

 

 

 

 


 

kringsjaaKringsjå

Ligg ved siden av Breidablikk. Flott utsikt til Grovebreen og over Jølstravatnet. Solrik terrasse. Gode fiskemoglegheiter. Badestrand og båthavn: 30 m.

Informasjon

Areal: 72 m2
Våre stjerner: 4
Rom: Kjøkken, stove, bad, tre soverom
Personer: 6 (tre dobbelrom)
Barn (0-3 år), gratis.
Husdyr: Ikkje tillatt
Båt: Motor kan leigast. 5hp, 13 fot.
Ekstra båt+motor per veke: 1.500 NOK.

Uteområde: Terasse e.l. 14m2, naturtomt 2000m2, hagemøbler, grill, merka tursti: 7km, panoramautsikt(hav,fjord,innsjø,elv), sløyeplass
Parkering: 2 parkeringsplassar på tomta.
Heilårsisolert. Elektrisk oppvarming, straum er inkludert.

Kontaktperson

Nils-Einar Kjøsnes

97019286

www.kjosnes.no

Vi kan

Vi er her
Skei i Jølster

Footer