Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Tips: Søk etter ei bedrift, ein bransje eller ein stad i Jølster kommune

Jølster Betongbygg AS

Jølster Betongbygg AS

Sagevegen 11, 6847 VASSENDEN, Norge

Jølster Betongbygg AS - Kvalitet til rett tid.
Etablert i 1996 av Ottar Berg, og er i dag ein frittståande aktør i markedet, og blir leigd inn av både privatpersonar samt ulike entreprenørselskap.

 

Ottar Berg og Tom Årdal stifta Jølster Betongbygg ANS 1. april 1996.

Firmaet utførte betongarbeid på små og store prosjekt, og vaks til 4 tilsette i 1999. 1. juni 2000 slutta Tom i bedrifta og Ottar overtok alle aksjar og stifta Jølster Betongbygg AS.

Selskapet tok etter kvart på seg store oppdrag i Sogn & Fjordane og Hordaland, mellom anna bustadhus, skular, omsorgsbustadar, terrassehus, blokker, bruer, hotell og rehabilitering av bygardar i Bergen.

Jølster Betongbygg AS hadde i 2005-2006 25 tilsette og om lag 15 innleidde. Firmaet utførte arbeid i grunnarbeid, betongarbeid, tømrararbeid, maling/flis/muringsarbeid og fekk tildelt Gaselleprisen 4 gangar på rad 2004-2007.

 

 

Jølster Betongbygg AS signerte i 2007 kontrakt i Bergen på ein stor betongjobb, eit lager/kontorbygg til verdi av kr 100 mill. Denne storjobben vart avlyst etter 1 månad drift i 2008 grunna finanskrisa som vart merkbar i heile landet og dermed Bergen. Dette medførte store endringar i firmaet. Avlyste kontraktar, ein del reklamasjonar og uheldig omstende gjennom år med sterk vekst medførte store endringar i firmaet. Etter mange harde år med opprydding og omorganisering framstår firmaet i dag som i utgangspunktet, ein betongentreprenør.

 

Sjå heimesida vår for meir informasjon og prosjekt:

Heimeside

Ottar Berg

Kontaktperson

Ottar Berg

908 83 940

jolsterbetongbygg.no

Vi er her
Sagevegen 11
6847 VASSENDEN

Footer