Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Tips: Søk etter ei bedrift, ein bransje eller ein stad i Jølster kommune

Fjordamattunet DA

Fjordamattunet DA

Fjordamattunet DA, Vassenden, Noreg

Kurs og oppleving med vekt på bakst og tradisjonsmat.

 

I tunet på garden til Bård Støfringsdal og Kjersti Wæhre er det laga til eit bakstehus i den gamle fjøsen. Der er det eit moderne kjøkken, stor vedfyrt bakaromn og bord til baking og felles måltid.

Fjordamattunet er bygd opp rundt Kari Støfringsdal sin unike kompetanse på tradisjonsmat og matkultur. Her har vi tilbod om kurs og matopplevingar som passar for alle, både arbeidskollegaer, organisasjonar, vener, familiar og dei som driv med lokal foredling eller servering. Maten vert laga i fellesskap, og det gode måltidet er ein viktig del opplevinga. I trivelege lokale kan de møtast for å lære, oppleve og nyte.

 

 

 
Dersom de er ei gruppe som ynskjer kurs eller ei oppleving i bakstehuset tek de kontakt på e-post eller telefon for å avtale tid og opplegg, eller de kan nytte skjemaet på kursoversikta.

Når du som enkeltperson ynskjer å melde deg på kurs nyttar du skjemaet på kursoversikta, eller sender e-post til kari@fjordamattunet.no eller ringer 951 46 531. Kurset vil verte arrangert når gruppa er høveleg stor.

Ynskjer de å gje nokon eit kurs eller ei oppleving i Fjordamattunet som gåve til jul, gebursdag, bryllaup eller i andre høve, kan de bestille gåvekort her.

Du kan også besøke Fjordamattunet på Facebook.

 

Kari Støfringsdal

Kontaktperson

Kari Støfringsdal

+47 951 46 531

http://www.fjordamattunet.no/

Vi er her
Fjordamattunet DA
Vassenden
Noreg

Footer