Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.

Tips: Søk etter ei bedrift, ein bransje eller ein stad i Jølster kommune

Dvergsdal & Sunde Bygg AS

Dvergsdal & Sunde Bygg AS

6843 SKEI I JØLSTER, Norge

Dvergsdal & Sunde Bygg AS blei etablert i 2003, og står for sal og oppføring av bustader. Sidan starten har vi satsa på bærekraftig drift, der kvalitet i alle ledd står i fokus. Vårt nedslagsfelt strekkjer seg over heile Sogn og Fjordane. Våre salskontor er lokalisert i Førde, Sogndal og Nordfjordeid. Vi er medeigar i Hus 1 Norge AS som tilbyr arkitektteikna ferdighus av høg kvalitet.

På Nordfjordeid har vi under oppføring Sagaparken Panorama. Der stad møter sjø.

På Nordfjordeid har vi under oppføring Sagaparken Panorama. Der staden møter fjorden.

Nærleik og soliditet

Dvergsdal & Sunde Bygg AS framstår som ein solid og seriøs aktør i marknaden. Dette skal visast gjennom gode resultat og fornøgde kundar.
Vi har fokus på at vår nærleik til marknaden skal sørge for at vi er tilgjengelege. I tillegg skal vi bygge tillit og bidra til god kontroll og styring av samtlege prosjekt.

Moderne handverk med tradisjonar

Vi har høg yrkes stoltheit, og satsar på kvalitet basert på godt handverk. Vårt fag har lange tradisjonar. Dette er halde i hevd samtidig som vi nyttar moderne metodar og utstyr. Vi tek ingen snarvegar når det gjeld kvalitet, både med tanke på materialar og utføring. Resultatet blir ein bustad som er skapt for det moderne liv basert på det solide handverket.

 

Kompetanse

Våre tilsette er vår viktigaste ressurs når vi skal nå våre mål. Vi er stolte av å ha engasjerte medarbeidarar med høg og brei fagkompetanse.
Dei skal sørgje for ein god og sikker byggjeprosess. Vi kvalitets-sikrar alle oppdrag frå start til slutt, slik at leveransen blir i henhold til avtalt kvalitet og tid. Våre samarbeidspartnarar og underleverandørar arbeider etter dei same kvalitetskriteria som oss. Ved å satse på gode medarbeidarar som jobbar mot det same målet, sørgjer vi for at vi oppfyller vårt eige motto: Riktig første gangen!

HMS

Det vert stilt stadig strengare krav til HMS. For oss er dette ein naturleg del av dei daglege rutinane. Vi ønskjer å ta vare på våre tilsette gjennom å leggje til rette for ein trygg og triveleg arbeidsplass. I tillegg er det viktig at våre tilsette forstår viktigheita av dette arbeidet, både med tanke på eigen og andre sin sikkerheit. Omsyn til miljøet rundt oss er også ein viktig del av vårt HMS-system.

Dvergsdal & Sunde har gjennom fleire år satsa sterkt på bygging av miljøvennlege hus.

Der staden møter fjorden

 Med leilegheit på Sagaparken får ein kort veg til “alt”:

Handel, Eidsgata, tur i parken, aktivitetar på og ved sjøen, og mykje meir.

Her, der staden møter fjorden, kan du sikre deg draumebustaden.

Her, der staden møter fjorden, kan du sikre deg draumebustaden.

Historiske Eidsgata har ikkje endra seg så veldig mykje sidan dette biletet vart teke i 1925.

Historiske Eidsgata har ikkje endra seg så veldig mykje sidan dette biletet vart teke i 1925.

 

Nye bustader i Jølster

På Kjøsnes rett vest for Skei er det under opparbeiding eit byggefelt der vi har planar om oppføring av bustader i rekke, i idylliske omgjevnader og med svært kort veg til Jølstravatnet.

Denne utsikta får dei som kjøper bustad i Brendehaugane.

Denne utsikta får dei som kjøper bustad i Brendehaugane.

Bustadane blir liggande midt i fylket med kort veg til Førde, Sogndal og Sandane.

www.dvergsdalogsunde.no

Andre Sunde (Daglig leiar)

Kontaktperson

Andre Sunde (Daglig leiar)

48 00 97 00 / 57 72 65 00

www.dvergsdalogsunde.no

Vi er her
6843 SKEI I JØLSTER

Footer