Dette nettstedet bruker javascript. Hvis du aktiverer javascript blir brukeropplevelsen bedre.
Jan Sunde ny leiar i Jølster Næringsforum

Jan Sunde ny leiar i Jølster Næringsforum

Av Hallstein Dvergsdal

Årsmøtet for Jølster Næringsforum vart avvikla på Fjordamattunet med relativt godt oppmøte. Leiar Øyvind Årdal hadde sagt frå seg attval og valnemnda presenterte Jan Sunde som ny leiar. Han vart vald med aklamasjon og er ny i styret.

Jan Sunde (t.v) er den nye leiaren i Jølster Næringsforum. Øyvind Årdal såg vekk frå fleire år i styret.

Jan Sunde (t.v) er den nye leiaren i Jølster Næringsforum. Øyvind Årdal såg vekk frå fleire år i styret.

Rådmann og sykkel

Før dei vanlege årsmøtesakene vart handsama, fekk vi eit møte med den nye rådmannen, Ellen Jensen. Ho presenterte seg og fortalde litt om bakgrunnen sin før ho kom til stillinga som rådmann i Jølster.

Deretter var det Sunnfjord Utvikling sin tur, der Vidar Slettehaug orienterte om sykkelløpet «Tour de Fjords» som kjem til Jølster 24 mai. TV2 skal lage tre timars dekning av denne sykkeletappen som har start i Balestrand og målgang i Førde.

– Bruk dette høvet til å profilere Jølster, sa Slettehaug som oppfordra til å få folk ut langs løypene og lage folkefest denne dagen. Løpet går på ettermiddagen og det vil bli tre timars vegstenging den tida dette går føre seg, fekk vi høyre, noko som sikkert ikkje blir like populært.

Årsmøtet fekk også eit innslag der Odd Støfringsdal orienterte om destinasjonsselskapet Jølster 365.

– Målet er å gjere Jølster meir attraktivt og få folk til å bli lenger, var bodskapen frå Støfringsdal som også kunne fortelje om ny heimeside og nytt booking system.

Den nye rådmannen i Jølster, Ellen Jensen, var med på årsmøtet. Her får ho servert kaffi av Kari Støfringsdal på Fjordamattunet som var vertskap for kvelden.

Den nye rådmannen i Jølster, Ellen Jensen, var med på årsmøtet. Her får ho servert kaffi av Kari Støfringsdal på Fjordamattunet som var vertskap for kvelden.

Lite debatt

På sjølve årsmøtedelen vart det handsama vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap, budsjett og handlingsplan. Alt gjekk kjapt gjennom utan særleg debatt. Det einaste som skapte eit aldri så lite ordskifte var eit innspel frå Anders Kristian Sægrov som gjekk på økonomien i selskapet.

– De bør kanskje vurdere å bruke opp pengane på aktivitetar i staden for å legge opp store summar som de har gjort til no. Dette fekk han motbør for frå Steinar dvergsdal som meinte at det kunne vere greitt å ha ein buffer for å kunne ta satsingar som måtte komme.

– Kom med innspel til aktivitetar, så skal vi sjå på det, var oppmodinga frå styret.

Stabilt medlemstal

Jølster Næringsforum har hatt eit stabilt medlemsstal rundt 60, og medlemmane representerer eit aktivt og variert næringsliv.

– Det er eigentleg imponerande å sjå kva folk driv med, sa avtroppande leiar Øyvind Årdal som takka for seg og overlet klubba til Jan Sunde. Med seg i styret fekk han Sindre Saue Årdal (ny), Jenny Marie Håland (ny), Hildegunn Huus og Arnstein Årseth. Vara blir Linda Tefre.

Vegar Slettehaug orienterte møtet om sykkelrittet "Tour de Fjords"

Vidar Slettehaug orienterte møtet om sykkelrittet «Tour de Fjords»

 

Footer